Gode straumavtalar for næring

Gode straumavtalar for næring

Kva som er rett straumavtale kan vera ulikt frå bedrift til bedrift, og det kan løne seg å ta bevisste val.

I tillegg til reine spotavtalar kan ein kombinere spot med fastpris eller EnergiIndeks som er ein type fastpris der ein handlar inn framtidig kraftbehov kvar handledag på kraftbørsen over tid (indeks med 3-årig horisont).

Hardanger Energi tilbyr òg opphavsgarantiar (opprinnelsesgarantiar) frå eigne vassverk.

HARDANGER SPOT BEDRIFT

  • spotpris time for time
  • påslag 3,92 øre/kWh inkl. elsertifikat eks. mva.
  • månadspris kr 31,20 eks.mva.
  • straum og nettleige på same faktura der me har avtale med nettselskapet
  • oversikt over forbruk, faktura m.m. på kundesider
  • inga bindingstid

HARDANGER FAST BEDRIFT

  • få ein meir forutsigbar straumpris

  • kan kombinerast med spot 

  • straum og nettleige på same faktura der me har avtale med nettselskapet

  • oversikt over forbruk, faktura m.m. på kundesider

  • binding i fastprisperioden

HARDANGER ENERGI INDEKS

  • prissikring av framtidig kraftforbruk over tid dempar svingningane i spotmarknaden og bidreg til forutsigbarheit

  • kan kombinerast med spot

  • straum og nettleige på same faktura der me har avtale med nettselskapet

  • oversikt over forbruk, faktura m.m. på kundesider

  • løpande avtale med eitt års oppseiingstid

Ja, takk - eg vil ha informasjon om Hardanger Energi sine tilbod til næringsdrivande

Opphavsgarantiar frå Hardanger Energi sine vassverk

Ein opphavsgaranti er eit bevis for at ei viss mengde straum er produsert frå ei spesifikk energikjelde i eit gitt år. Garantiane er unike for det einskilde kraftverk, og merka med informasjon som kjenneteiknar produksjonen. Bedrifter kan ha nytte av slik dokumentasjon i samband med miljø- og klimarapportering, for å vise støtte og preferanse for fornybar kraftproduksjon og i marknadsføringssamanheng.

Les meir om opphavsgarantiar eller få meir informasjon.