Plusskunde i Hardanger
Fyll ut skjemaet og me kontaktar deg!
Hardanger Energi AS er behandlingsansvarleg for handsaminga av personopplysningane dine på denne nettstaden. Har du spørsmål om dette eller om dei rettane du har, finn du kontaktinformasjonen vår her:
Hardanger Energi AS
Postboks 33, 5782 Kinsarvik
Organisasjonsnummer: 983502601
E-post:
Personopplysningar er informasjon som åleine eller saman med andre opplysningar kan nyttast til å identifisera, lokalisera eller kontakta ein person. Døme på personopplysningar er namn, telefonnummer og IP-adresse. Handsaming av personopplysningar omfattar alle former for handsaming av personopplysningar, som innsamling, analyse, registrering og lagring. Behandlingsansvarleg er den som bestemmer føremålet med handsaminga av personopplysningar og kva opplysningar det vert bede om. Det er behandlingsansvarleg si oppgåve å sikra at handsaminga av personopplysningar skjer i tråd med gjeldande personopplysningslov.
Hardanger Energi AS er behandlingsansvarleg for handsaminga av personopplysningane dine.
Når du registrerer deg via eit skjema eller bestiller eit varer, kan du bli beden om å gje frå deg informasjon. Avhengig av situasjonen kan me eventuelt be om følgjande personopplysningar:
Me legg til grunn legitimt samtykke i tråd med Paragraf 6f i personvernlova. Har du inngått eit kundeforhold med oss tidlegare, eller du er ein ny kunde, vil dette vera ein legitim grunn til å senda deg informasjon. Dette vert sidestilt med eit samtykke i samsvar med marknadsføringslova slik lova har vore i Noreg i mange år. Du kan når som helst trekkja samtykket til at me skal handsama dine personopplysningar. Trekkjer du tilbake samtykket, vil me sletta opplysningane me har om deg. Merk at dette kan endra evna vår til å kontakta deg med relevant informasjon, levera tenester, og det kan påverka pågåande dialog.
Når du samtykkjer til at me handsamar personopplysningane dine, godtek du òg at me kan registrera andre opplysningar om deg som du har gjeve oss tidlegare. Basert på offentleg tilgjengeleg informasjon kan me òg supplera dei registrerte opplysningane med bransje og ytterlegare kontaktinformasjon. Er du kunde hjå oss, kan me i tillegg leggja til ytterlegare kontaktinformasjon til opplysningane du har registrert hjå oss, via til dømes telefon. Opplysningar som er nødvendige for dei tenestene du skal bruka, vil også bli lagra.
Me kan be om personopplysningar for å:
Når du samtykkjer til at me handsamar personopplysningane dine i samsvar med føremåla nemnde ovanfor, samtykkjer du til følgjande:
Me handsamar personopplysningane berre så lenge det tek å oppfylla grunnen til innsamlinga, deretter slettar me informasjonen.
Har du ein aktiv dialog med oss, tek me vare på opplysningane dine i 2 år frå den siste kontakten; deretter fjernar me opplysningane me har om deg. Ein aktiv dialog blir definert som at du har registrert ein brukarprofil, interaksjon via telefon eller e-post eller har kjøpt eit produkt av oss dei siste 2 åra.
Har du samtykka til handsaming av personopplysningane når du takka ja til regelmessige e-postar, handsamar me personopplysningane til du avsluttar abonnementet ditt. Deretter lagrar me personopplysningane dine i inntil 2 år før me slettar informasjonen.
Oppgjevne opplysningar vil vera tilgjengelege berre for personar som nyttar opplysningane i tråd med personvernfråsegna i verksemda .
Me sel ikkje personopplysningane dine til tredjepart. Dersom det pågår ein sals- eller kundedialog mellom deg, oss og nokon av våre samarbeidspartnarar, deler me informasjon som:
Dersom me har registrert opplysningane dine i samband med ei hending som vert utført saman med ein ekstern part, kan me overføra personopplysningar i kategoriane nemnt over, i tillegg til eventuelle svar på ytterlegare skjema- eller utfyllande spørsmål.
Opplysningane blir oppbevarte av Hardanger Energi AS i kundesystemet vårt.
Du har rett til å få informasjon om kva opplysningar me har om deg. Du kan også krevja at me rettar opp i feilaktige opplysningar eller slettar informasjonen din. Ynskjer du å trekkja tilbake samtykket ditt eller krevja å få oversikt over opplysningar, retting eller sletting, kontaktar du oss på e-postadressa nemnt under avsnittet for kontaktinformasjon. For å motta slik info må du signera tilsendt skjema frå oss.
Dersom me skal bruka personopplysningane til eit anna føremål enn det dei vart samla inn for, inntrer informasjonsplikta på nytt, og me må då opplysa kva det nye føremålet er og gje delar av informasjonen ovenfor på nytt.
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på din datamaskin når du lastar ned ei nettside. Lagring av opplysningar og handsaming av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukaren både har blitt informert om og har gitt sitt samtykke til handsaminga. Brukaren skal få vita om og godkjenna kva opplysningar som blir handsama, kva føremålet med handsaminga er, og kven som handsamar opplysningane. Me brukar berre informasjonskapslar for å gje deg ei betre brukaroppleving nettsidene våre, bl. a. ved at du slepp å fylla inn felt på nytt.
Relevante opplysningar som kjem fram i telefonsamtalar og e-postutveksling i kundebehandling og dagleg arbeid, kan bli registrert i kundesystemet. Me brukar i tillegg e-post i vanleg dialog med interne og eksterne kontaktar. Den enkelte medarbeidar er ansvarleg for å sletta meldingar som ikkje lenger er aktuelle. Ved avslutta arbeidsforhold vert e-postkontoane sletta, men enkelte relevante e-postar kan bli overførte til kollegaer. Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med e-post. Vanleg e-post er ukryptert og skal ikkje brukast til å senda opplysningar med teieplikt, sensitive eller andre fortrulege opplysningar.
Velkomen til nettsida vår!
Denne nettsida brukar berre nødvendige informasjonskapslar for å sikra optimal funksjonalitet og brukaroppleving. Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert lagra i nettlesaren din når du besøkjer nettsida vår. Desse informasjonskapslane er heilt nødvendige for at nettsida skal fungere og kan ikkje deaktiverast.
Ved å halda fram med å bruka nettsida vår, samtykkjer du i bruken av desse funksjonelle informasjonskapslane. Me lagrar ikkje personleg identifiserbar informasjon gjennom desse informasjonskapslane, og dei vert berre brukt til å sikre at nettsida fungerer som den skal.
Om du ønskjer å deaktivera informasjonskapslar, kan du gjera dette i nettlesarinnstillingane dine. Merk at om du vel å deaktivera informasjonskapslar, kan enkelte delar av nettsida fungere annleis enn forventa.
Me respekterer personvernet ditt og er forplikta til å sikra at dine personlege data er beskytta. For meir informasjon om korleis me handterer personleg informasjon, ver venleg å sjå personvernfråsegna vår.
Takk for at du besøkjer nettsida vår. Om du har spørsmål eller bekymringar som gjeld informasjonskapslar eller personvern, ver venleg å ta kontakt.
Helsing Hardanger Energi
Spotavtale følgjer straumprisen på kraftbørsen Nord Pool time for time. Du kan følgje med på straumprisen i Hardanger Energi-appen og justere forbruket etter når straumen er billegast.
Med spotavtale vil prisen du ser på faktura variere frå månad til månad, men påslaget vil vere det same i 12 månader frå du inngjekk avtalen (vilkårsgaranti 12 månader) og vert kun endra ved endring i offentlege avgifter. Endringar varslar me 30 dagar i forkant.
På Nord Pool er Noreg delt inn i ulike prisområde. Målepunkt i kommunane Eidfjord og Ulvik, og områda som utgjer tidlegare Granvin herad, Jondal kommune og Ullensvang herad, ligg i prisområde NO5 (Bergen). Les meir om prisområde på www.statnett.no
Elsertifikat er ei ordning myndigheitene innførte i 2012. I våre spotavtalar er elsertifikat inkludert i påslaget. Les meir om elsertifikat på www.nve.no
Leveringsavtale: Hardanger Energi sin Standard kraftleveringsavtale (2024)
Angrerettskjema: Les om angrerett og last ned
Det er viktig at du eller installatør tar kontakt med nettselskapet tidleg i planfasen og får naudsynt informasjon om krav til installasjon og kva prosess ein skal fylgje for å få etablert eit plusskundemålepunkt / kombinasjonsmålepunkt (installatørmelding m.m.).
Dei nye AMS-målarane er klargjort for plusskundar, men nettselskapet må oppdatere målepunktet og aktivere måleserie for produksjon (kombinasjonsmålepunkt). Det betyr at du beheld den same straummålaren, men det vert ein kanal som måler forbruk, og ein annan kanal som måler produksjon. (Med produksjon reknar ein det som vert levert inn på straumnettet til nettselskapet, forbruk er det som vert trekt i frå straumnettet). Vidare skal dette meldast til Elhub, og så må kraftleverandør få melding om endring på målepunktet. Det er med andre ord ein del meldingar og formalitetar som må på plass før alle involverte partar har dette registrert i sine system.
Hardanger Energi avreknar plusskundar time for time mot spotpris pr. time. For forbruk betalar ein spotpris + 4,9 øre/kWh + månadspris 39,- inkl. mva. For det som ein leverar av produksjon, betalar me spotpris - (minus) 1,25 øre/kWh. På avrekning får ein berekna summen av kostnad forbruk og summen av verdi produksjon, time for time. Er produksjonsverdi større enn kostnad forbruk, får ein utbetalt. Er det omvendt, vert det ein faktura osv. Det er ingen bindingstid på vår plusskundeavtale. Endring av vilkår vert varsla med minimum 30 dagars frist.
Eidesfoss Kraftverk ligg i Krossdalen ved Jondal. Kraftverket utnyttar eit fall på 69 meter mellom Espelandsvatnet og Byrkjelandsvatnet.
Folkedal Kraftverk ligg i Folkedal ved Granvin. Kraftverket utnyttar eit fall på 336 meter mellom Svortetjørn og Øvre Folkedal. Krokavatn er magasin for kraftstasjonen og kan regulerast med 8 meter. Det vart bygd nytt kraftverk i 2014 som erstatta det gamle frå 1939.
Haugafossen Kraftverk i Jondal utnyttar eit fall på 42 meter i Jondalselvi. Det vart bygd nytt kraftverk i 2018 som erstatta det gamle frå 1915. Det er òg ny dam og vasstunnel.
Kinso Kraftverk ligg i elva Kinso i Kinsarvik i Ullensvang herad. Kraftverket utnyttar eit fall på 100 meter i Tveitafoss og starta produksjonen i 1917.
Tveitafoss Kraftverk ligg på Tveito i Eidfjord Kommune. Kraftverket utnyttar eit fall på 60 meter i elva Bjoreio, og starta produksjonen i 1948. Tveitafoss skal oppgraderast i 2024/2025.
Ulvik Kraftverk ligg i Ulvik kommune. Kraftverket utnyttar eit fall på 60 meter i Tyssovassdraget. Sjølve kraftstasjonen ligg midt i sentrum av Ulvik. Kraftverket er frå 1921. Det skal ersattast med eit nytt som vil heite Tysso Kraftverk.
Du har rett til å gå ifrå denne avtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngje dette. Angrefristen går ut 14 dagar etter at avtalen vart inngått.
For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss
Hardanger Energi AS,
Sandvikevegen 14,
5780 Kinsarvik
på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen (t.d. i eit brev sendt i posten eller e-post). Du kan bruke det vedlagde angreskjemaet, men det er ikkje obligatorisk.
For å overhalde angrefristen er det nok at du sender meldinga om at du vil bruke angreretten, før angrefristen går ut.
Dersom du går ifrå denne avtalen, skal vi betale tilbake alle betalingar vi har fått frå deg, medrekna leveringskostnadene (med unntak av tilleggskostnader som følgjer av at du har valt ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering vi tilbyr), utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen vi fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.
Vi gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavlege transaksjonen, med mindre du uttrykkjeleg har avtala noko anna med oss. I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga.
Dersom du har bede om at utføringa av tenestene (medrekna levering av vatn/gass/elektrisitet/fjernvarme) skal ta til før angrefristen går ut, skal du betale oss eit beløp som står i forhold til det som er utført eller levert fram til du gav oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen, samanlikna med full oppfylling av avtalen.