Kundeservice

Velkomen til oss! Ta kontakt på e-post, telefon eller skjemaet under, så svarar me så snart me kan.

53 67 16 10

Tips

Informasjon om forbruk, faktura og meir finn du i appen og på kundesidene. Sjå òg dei vanlegaste spørsmåla lenger nede på sida.

Kontakt

Spørsmål og svar

Når mottek eg faktura?
Hardanger Energi fakturerer månadleg på etterskot, så snart alle timeverdiar for siste månad er mottekne. Me tilbyr gjennomfakturering av nettleige for kundar i nettområda til Indre Hordaland KraftNett, BKK og Elvia. Gjennomfakturering betyr at du får både nettleige og kraft på fakturaen frå oss.
Kan eg motta faktura på e-post?
Ja, det kan du. Ta kontakt med oss for å endra dette.
Eg har pengar til gode — kva skjer då?
Private kundar: beløp under 300 kr kjem til frådrag på neste faktura. Er beløpet over 300 kr, vert heile beløpet utbetalt til det kontonummeret siste faktura vart betalt frå. Næringskundar: som hovudregel vert heile beløpet utbetalt til det kontonummeret siste faktura vart betalt frå.
Enkeltpersonføretak — bør eg ha privat- eller firmaabonnement?
Mange enkeltpersonføretak lurar på om straumabonnementet bør opprettast som privat- eller firmaabonnement. Fakturaen inneheld mva-spesifikasjon i begge tilfelle og kan inngå i eit rekneskap. Men ver merksam på at du mistar alle forbrukarrettar, til dømes angrerett, dersom du teiknar firmaabonnement.
Kva står på straumrekninga mi?
Straumrekninga di omfattar kraftavrekning, nettleigeavrekning der me har avtale med nettselskapet, og offentlege avgifter: forbruksavgift, avgift til Enova, elsertifikat og meirverdiavgift. I alle prisopplysningar til forbrukarar skal prisen innehalda alle avgifter forbrukaren skal betala, samt påslag til kraftleverandøren. Sjå vilkåra under menypunktet «Straumavtalar». Kraftavrekninga er forbruk per time multiplisert med pris per time. Sluttsummen vert runda av til to desimalar. Nettavrekninga vert framstilt slik nettselskapet har produsert henne, utan noko ekstra tillegg frå oss. Forbrukshistorikk per time finn du på kundesidene, og spotprisar finn du på nordpoolgroup.com.
Kan fleire i hushaldet ha tilgang til appen?
Ja. Ved innlogging skriv du inn e-postadressa som straumabonnementet er registrert på, saman med passordet de har laga.
Eg har fått SMS frå LetsPay — kva er det?
Har du gløymt å betala fakturaen din, får du ei påminning på SMS frå LetsPay om lag sju dagar etter forfall. Dette gjeld berre privatkundar. I meldinga er det ei lenkje du kan trykkja på for å betala.
Eg treng hjelp med elbilladaren Zaptec Go
Tips, spørsmål og svar om elbilladaren Zaptec Go finn du i hjelpesenteret til Zaptec: help.zaptec.com/hc/nb