Gode straumavtalar for næring
Kva som er rett straumavtale kan vera ulikt frå bedrift til bedrift, og det kan løna seg å ta bevisste val.
I tillegg til reine spotavtalar kan ein kombinera spot med fastpris eller EnergiIndeks. EnergiIndeks er ein type fastpris der ein handlar inn framtidig kraftbehov kvar handledag på kraftbørsen over tid — ein indeks med treårig horisont.
Hardanger Energi tilbyr òg opphavsgarantiar (opprinnelsesgarantiar) frå eigne vassverk.
Straumavtalar for næring
Hardanger Spot Bedrift
Spotpris time for time. Påslag inkl. elsertifikat, eks. mva.
- Spotpris time for time
- Påslag 3,92 øre/kWh inkl. elsertifikat, eks. mva.
- Månadspris 31,20 kr eks. mva.
- Straum og nettleige på same faktura der me har avtale med nettselskapet
- Oversikt over forbruk og faktura på kundesidene
- Inga bindingstid
Fastprisavtale for bedrifter i Ullensvang
Fastpris der Ullensvang kommune stiller volum.
- 70 øre/kWh + 79 kr per månad
- Straum og nettleige på same faktura der me har avtale med nettselskapet
- Bestilling innan 31.12.2025
- Bindingstid frå bestillingsdato til 31.12.2027
- Ullensvang kommune stiller volum
- Gjeld ikkje kraftintensiv industri eller kundar med rett til straumstønad
Hardanger Energi Indeks
Prissikring av framtidig kraftforbruk over tid.
- Prissikring over tid dempar svingingane i spotmarknaden og gjev meir forutsigbarheit
- Kan kombinerast med spot
- Straum og nettleige på same faktura der me har avtale med nettselskapet
- Oversikt over forbruk og faktura på kundesidene
- Løpande avtale med eitt års oppseiingstid
Om fastprisavtalen i Ullensvang
Bestillingsfristen for fastprisavtalen var 31.12.2025. Ta kontakt med oss for å høyra kva tilbod som gjeld no.
Opphavsgarantiar frå kraftverka til Hardanger Energi
Kva er det?
Ein opphavsgaranti er eit bevis for at ei viss mengd straum er produsert i eit kraftverk i ein gitt periode. Kunde som kjøper opphavsgaranti, får eit sertifikat og ein varedeklarasjon på sin faktura som bevis på kjøp av 100% fornybar kraft. Kraftprodusentar som sel opphavsgarantiar får samstundes ei ekstra inntekt frå sin fornybare kraftproduksjon.
Kva kan bedrifta bruka det til?
Verksemda kan ha nytte av slik dokumentasjon i samband med miljø- og klimarapportering. Ein viser samstundes at ein støttar opp om dei fornybare kraftprodusentane framfor dei som ikkje er det. Det er gjerne noko bedrifta ynskjer å marknadsføre.