Elbilladar Zaptec Go
Få ferdig montert elbilladar for 529 kr i månaden. Prisen inkluderer standard installasjon og administrasjonskostnad, med nedbetaling over straumrekninga i tre år.
529 kr/mnd i 3 år
Zaptec Go passar alle elbilar. Han er på storleik med eit nettbrett og ladar opptil 22 kW. Ladaren er bygd på leiande grøn teknologi utvikla i Noreg og er sertifisert i samsvar med høgaste tryggleiksstandard. Zaptec Go har kome svært godt ut i ulike testar.
Slik er prisen sett saman
- Standard installasjon og adm.kostnad
- 17 964 kr
- Nedbetaling over straumrekninga
- 529 kr per månad i 3 år
- Administrasjonskostnad (Hardanger Energi)
- 1 080 kr
- Betaler du alt på ein gong
- Adm.kostnaden vert halvert til 540 kr
Dette er med i standard installasjon
- Ladeboks Zaptec Go
- Jordfeil-automatsikring
- Inntil 15 m kabel frå sikringsskåp til ladar
- Inntil 2 gjennomboringar i trevegg
- Inntil 4 timar arbeid på staden
- Reisetid og transportkostnader avgrensa til 30 km t/r frå installatør. Hardanger Energi har samarbeidsavtale med installatør på Istad (Voss).
- Dokumentasjon på installasjonen
- Administrasjonskostnad 1 080 kr til Hardanger Energi
Ynskjer du å betale heile beløpet for standard installasjon som ein eingongssum i staden for nedbetaling over tre år? Ta kontakt, så ordnar me det. Adm.kostnaden vert då halvert til 540 kr.
Vilkår for installasjonen
- Sikringsskåp og føringsvegar må vera tilgjengelege
- Ein legg til grunn tilstrekkeleg kapasitet i det elektriske anlegget
- Det må vera plass i sikringsskåpet til ny kurs, eventuelt overspenningsvern
- Graving og legging av røyr eller kabel i bakken er ikkje inkludert
Viktig
Har du ikkje overspenningsvern i sikringsskåpet frå før, kjem det som eit tillegg. Det kjem òg ekstra kostnad dersom arbeidsmengd, materiell eller reiseveg for installatøren går ut over det som er med i standard installasjon. Avvik frå standard installasjon vert opplyst før du stadfestar bestillinga, og vert fakturert som ein eingongskostnad frå samarbeidspartnaren vår. Tilbodet er uforpliktande fram til du har godkjent endeleg totalpris med installasjon.
Dette skjer etter at du har bestilt
For at installatøren skal kunna gje deg eit tilbod, treng han litt informasjon om anlegget ditt.
1. Send bilete
Legg ved bilete av sikringsskapet, kursfortegnelsen i sikringsskapet og der du tenkjer at ladeboksen skal stå.
2. Skildra rommet
Gje ei kort skildring av rommet sikringsskapet står i, og kor det står i høve til ladeboksen. Ta gjerne bilete av dette òg, og anslå lengda.
3. Installatøren tek kontakt
Installatøren kontaktar deg for nærare detaljar om bustaden, avklarar eventuelle tilleggskostnader og avtaler tidspunkt for installasjonen.