App og kundeweb
Logg inn på kundeweb, registrer ny brukar, eller les meir om appen vår. Treng du hjelp til registreringa? Ring oss.
53 67 16 10
Registrer ny brukar
Har du ikkje brukar enno? Opna innloggingsskjemaet og vel «Har du ikke en konto? Registrer deg» heilt nedst.
Registrer degApp eller web — du vel sjølv
Registrer deg éin stad
Registrer deg anten i appen eller på web, så har du tilgang begge stader.
Språk
Språket i skjemaet er norsk eller engelsk, avhengig av innstillinga i nettlesaren din.
Slik registrerer du deg
- Opna innloggingsskjemaet. Heilt nedst finn du «Har du ikke en konto? Registrer deg».
- Skriv inn e-postadressa di.
- Lag eit passord. Det må innehalda minst 8 teikn: stor bokstav, liten bokstav og tal eller spesialteikn. Stadfest passordet.
- Vel «Privat» om du er privatkunde, eller «Bedrift» om du er bedriftskunde.
- Bedrift: skriv inn organisasjonsnummer. Privat: finn fødselsdatoen din i kalenderen — først år, så månad, så dag, og trykk OK.
- Trykk «Opprett konto».
- Du får tilsendt ein e-post med ein åttesifra kode. Skriv inn koden og stadfest.
- Du kan no logga inn med e-post og passord på web og i appen.