Slik les du fakturaen

Mange opplever fakturaer frå kraft- og nettselskap som vanskelege å forstå. Her forklarar me kva dei ulike ledda er.

For at du skal få straum, må du ha avtale med ein straumleverandør og eit nettselskap. I nokre høve får du leveransane frå desse to på éin og same faktura — såkalla gjennomfakturering. I andre høve får du ein faktura frå kvart selskap. Hardanger Energi har avtale om gjennomfakturering med Indre Hordaland KraftNett, BKK og Elvia.

Dei to leddene på rekninga

Nettselskapet

Syter for framføring av straum til deg. Nettselskap er monopolverksemd og er difor strengt regulert av styresmaktene gjennom Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Nettselskapet fakturerer nettleige, som består av ein fast og ein variabel del: eit årleg fastbeløp ut frå kor mykje straum du brukar samstundes (kapasitetsledd), og ein pris per kWh (energiledd). I tillegg krev nettselskapa inn offentlege avgifter som forbruksavgift (òg kalla el-avgift), Enova-avgift og meirverdiavgift.

Kraftleverandøren

Leverer sjølve vara til deg. Dette er konkurranseutsett verksemd, og du kan velja mellom fleire leverandørar. Kva som står på fakturaen frå kraftleverandøren, kjem an på kva kraftavtale du har — til dømes spotpris eller fastpris. Har du spotpris, er påslaget til kraftleverandøren spesifisert; har du fastpris, er det inkludert. Nokre leverandørar har eit fast månadsbeløp i tillegg. Kraftleverandøren krev òg inn offentlege avgifter som elsertifikat og meirverdiavgift.