Lokal hjelpemotor med verdiar attende til lokalsamfunna

Hardanger Energi med konsern er ein vesentleg aktør og arbeidsplass i lokalsamfunnet.

Miljø

Konsernet arbeider for å vera ein miljøbevisst energileverandør, og forureinar i svært liten grad det ytre miljøet. Kraftproduksjon frå vasskraft er miljøvenleg, og vasskrafta er ein rein og fornybar ressurs utan utslepp som forureinar. Anlegg for drift av nettet vert bygde på ein måte som i liten grad påverkar det ytre miljøet negativt.

Arbeidstilhøve og menneskerettar

Arbeidet med anstendige arbeidstilhøve og menneskerettar er forankra i dei etiske retningslinene til konsernet, som byggjer på kunnskapen om at det er ein positiv samanheng mellom god etikk og resultata til selskapa.

Lokal verdiskaping

Overskotet i konsernet går til dei lokale eigarkommunane, og sponsormidlar går til lokale aktivitetar og arrangement. Hardanger Energi har som føring å støtta frivillig barne- og ungdomsarbeid lokalt, og støttar somme tider òg andre tiltak eller arrangement som skapar lokal aktivitet.

Hardanger Energi støttar

  • Refleksvestar til alle 1.-klassingane i Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang og Ulvik
  • Ullensvang Skulemusikklag
  • Sysendalen Løypelag
  • Ulvik IL
  • IL Harding
  • Jondal IL
  • Jondal Skyttarlag
  • Ullensvang Skyttarlag
  • Eidfjord IL
  • Solnut IL
  • Granvin IL
  • Ulike lokale arrangement i alle eigarkommunar