Angrerett
Angrerett jf. angrerettlova.
Fristen
Du har rett til å gå ifrå denne avtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngje dette. Angrefristen går ut 14 dagar etter at avtalen vart inngått. For å overhalde angrefristen er det nok at du sender meldinga om at du vil bruke angreretten, før fristen går ut.
Slik melder du frå
For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss — Hardanger Energi AS, Sandvikevegen 14, 5780 Kinsarvik — på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen, til dømes i eit brev sendt i posten eller på e-post. Du kan bruke det vedlagde angreskjemaet, men det er ikkje obligatorisk.
Tilbakebetaling
Dersom du går ifrå avtalen, betaler vi tilbake alle betalingar vi har fått frå deg, medrekna leveringskostnadene, utan unødig opphald og seinast 14 dagar etter den dagen vi fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen. Vi gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavlege transaksjonen, med mindre du uttrykkjeleg har avtala noko anna. Det kjem ikkje noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga.
Dersom leveringa alt har starta
Dersom du har bede om at utføringa av tenestene, medrekna levering av elektrisitet, skal ta til før angrefristen går ut, skal du betale oss eit beløp som står i forhold til det som er utført eller levert fram til du gav oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen, samanlikna med full oppfylling av avtalen.