Om Hardanger Energi AS

Produksjon, kraftomsetning og sluttkundesal — ein lokal aktør til nytte og glede for lokalsamfunnet rundt oss.

Nær 100 GWh i året

Produksjon og kraftomsetning

Hardanger Energi AS har seks eigne vasskraftstasjonar og produserer nær 100 GWh årleg — nok til om lag 5 000 husstandar. I tillegg står selskapet for omsetning av kraft for andre produsentar og konsesjonskraft for kommunar.

Selskapet har sluttkundesal og deltek i den samanhengen i ein allianse under namnet Wattn-alliansen. Denne alliansen bidreg til effektivisering av ulike tenester, og medlemmene får ei plattform for marknadsføring som er mykje betre enn kva kvart medlem kunne drifta sjølv.

Hardanger Energi AS ligg i storslått natur i vakre Hardanger, og me skal vera ein lokal aktør til nytte og glede for lokalsamfunnet rundt oss.

Eigarskap

Hardanger Energi AS er 100 % eigd av Energiselskapet Hardanger AS. I konsernet inngår òg selskapa Indre Hordaland KraftNett AS og Hardanger Energi Breiband AS, og 50 % av Teltech AS. Eidfjord kommune, Ulvik herad og Ullensvang kommune er eigarar av Energiselskapet Hardanger AS.

Eigardelar i Energiselskapet Hardanger AS

KommuneEigardel
Ullensvang kommune60,5 %
Eidfjord kommune24,2 %
Ulvik herad15,3 %

Føremål — Energiselskapet Hardanger AS med dotterselskap

1. Omfang

Hardanger Energi AS driv kraftproduksjon og sal av kraft til sluttkunde. Indre Hordaland KraftNett AS har ansvaret for energiforsyninga innanfor konsesjonsområdet.

2. Føremål

Føremålet til selskapet er å eiga, byggja og driva energiforsyning i heile konsesjonsområdet — det vil seia overføring, produksjon og omsetning av elektrisk kraft. Selskapet skal vera ei konkurransedyktig og lønsam verksemd med drift etter forretningsmessige prinsipp. Vidare kan selskapet driva eller eiga anna verksemd, eller andre verksemder med naturleg tilknyting til føremålet, delta i eller samarbeida med andre verksemder som har liknande føremål eller naturleg tilknyting til føremålet. Selskapet skal arbeida for å oppretthalda ei rimeleg og sikker energiforsyning i heile konsesjonsområdet, vera ein leiande totalleverandør av energi og energitenester innanfor konsesjonsområdet, og vera ein serviceinnstilt og miljøbevisst energileverandør.

3. Eigardelar

Eigarar er desse kommunane: Ullensvang kommune 60,5 %, Eidfjord kommune 24,2 % og Ulvik herad 15,3 %.