Produksjon

Hardanger Energi AS produserer rein vasskraft i Kinsarvik (Ullensvang), Måbødalen (Eidfjord), Folkedal (Voss, tidlegare Granvin), Ulvik (Ulvik) og Jondal (Ullensvang).

Nær 100 GWh i året

Dei siste åra har me oppgradert nokre av stasjonane for å utnytta vatnet me rår over betre. Oppgraderingar vert utførte etter grundige og omfattande prosessar der styresmaktene ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til slutt skal godkjenna slike prosjekt. Dette er for å sikra at me tek vare på biologisk mangfald, fisk og miljø. Me er ein lokal produsent som er oppteken av å ta vare på det lokale miljøet.

Hardanger Energi produserer nær 100 GWh årleg — nok til om lag 5 000 husstandar.

Kraftstasjonar

KraftverkStadEffektProduksjon
Eidesfoss KraftverkKrossdalen – Jondal3,8 MW11,5 GWh/år
Folkedal KraftverkFolkedal – Granvin5 MW19,5 GWh/år
Haugafossen KraftverkJondal5,4 MW12,5 GWh/år
Kinso KraftverkHusedalen – Kinsarvik4,1 MW17,5 GWh/år
Tveitafoss KraftverkTveito – EidfjordNy kraftstasjon under bygging
Ulvik KraftverkUlvik1,4 MW5 GWh/år

Småkraft

Me omset kraft for andre

Hardanger Energi AS omset kraft frå eigne og andre sine kraftverk. Me har fokus på optimalisering av anmelding og eventuell produksjonstilpassing for å oppnå best mogeleg pris per produsert kWh/MWh.

Ta kontakt for nærare informasjon

Me fortel deg gjerne meir om kva løysing me kan tilby.