Løypeven
Betal løypeavgifta månadleg over straumrekninga. Dette er ei ordning der Hardanger Energi samarbeider med Sysendalen Løypelag.
75 kr/mnd
Drift av løypelag og preparering av turløyper er tufta på innsats frå brukarane av løypene, lokalt næringsliv og Eidfjord kommune. I staden for ein årleg faktura kan dei som ynskjer det betala eit månadleg beløp over straumrekninga, som går uavkorta vidare til Sysendalen Løypelag.
Slik melder du deg på
Send SMS
Er du kraftkunde hjå Hardanger Energi: send ein SMS med koden HEAV6 til 26166.
Sjå neste faktura
På neste faktura ser du at du betaler 75 kr til løypelaget.
Inga bindingstid
Det er inga bindingstid på denne avtalen. Avmelding gjer du på telefon 53 67 16 10 eller på post@hardangerenergi.no.