Kundeinformasjon

Krav til signering av nye kraftavtalar for private kundar

Publisert

Nye private avtalar om anleggsovertaking og leverandørbyte skal i hovudsak signerast med BankID.

Nye private avtalar om anleggsovertaking og leverandørbyte skal i hovudsak signerast med BankID.

Ved inngåing eller endring av private kraftavtalar krev styresmaktene at straumselskapa hentar inn eit sikkert og dokumenterbart samtykke frå deg. Dette skal hindra leverandørbyte du ikkje har godkjent.

For å etterleva desse krava får du ved anleggsovertaking og leverandørbyte tilsendt to e-postar. Begge må signerast digitalt for at avtalen skal verta godkjend. Du får tilsendt e-post med lenkjer for signering frå:

  • Signicat, på vegner av Hardanger Energi — signer med BankID innan 2 døgn
  • Elhub, Noregs IT-plattform for innsamling og distribusjon av straumdata — signer med BankID

Har du ikkje BankID? Kontakt oss på post@hardangerenergi.no eller telefon 53 67 16 10.