Produksjon og nett

Anders og Sondre inspiserar damanlegg til Hardanger Energi AS

Skribent Super AdministratorPublisert

Masterstudentar i elkraft frå NTNU har sommarjobb hjå Hardanger Energi, og ser på batterianlegg i tilknyting til små vasskraftverk.

Masterstudentane (elkraft) frå NTNU har sommarjobb hjå Hardanger Energi AS avd produksjon.

Dei skal jobbe med eit prosjekt der me ser på batterianlegg i tilknyting til mindre/små vannkraftverk. Me vil i denne omgang sjå på batteri i forhold til beredskap. Små kraftverk kan i utganspunktet ikkje gå utan at det er spenning på sentralnettet til Statnett. Med batteripakkar inkludert, kan kanskje mindre kraftverk forsyne mindre/lokale områder i ein beredskapssituasjon, dvs når Statnett ikkje kan levere spenning i sentralnettet. Batteri kan og bidra til balansering og skape høgare verdi av produksjonen.

I tillegg til batteriprosjektet vert Sondre og Anders med produksjonsavdeling på ulike oppdrag me har på dei 6 småkraftverkene til Hardanger Energi. Fyrste veka har dei vore med på montering av ein generator i Tveitafoss Kraftverk, og dei har sett saman vår nye undervannsdrone og testkøyrt den i Krokavatn. Dam i krokavatn er under revurdering, og me kunne med eigen drone dokumentere at innstallasjon nede i vatnet var i orden.

Dette er 3. året me har sommarhjelp frå NTNU studentar.  Me ser nytten av nytenking frå studentar, og studentane får viktig praktisk erfaring.