Produksjon og nett
Malin har hatt sommarjobb i systerselskapet vårt IHK
I sommar har Malin fått praktisk erfaring med kraftnettet til Indre Hordaland KraftNett AS.
I sommar har Malin fått praktisk erfaring med kraftnettet til Indre Hordaland KraftNett AS.
Malin har hovudsakleg arbeidd med jordplatemålingar på nettstasjonar i nettområdet til IHK. Dette er ein kontroll som normalt vert gjennomførd på alle nettstasjonar kvart tiande år, for å sjekka at jordinga er god nok. Motstanden i jorda vert målt for å kontrollera at straumen får ein trygg veg til jord, til dømes ved jordfeil eller lynnedslag. Ei kjekk oppgåve, der ho har fått reist mykje rundt og sett både store delar av linjenettet og den flotte naturen i Hardanger.
I tillegg til jordplatemålingane har ho vore med på ein del andre oppgåver. Ho har fått omvising på transformatorstasjonar, vitja fleire av kraftverka til Hardanger Energi, og sett opp konsentratorskap og lyktestolpar.
Sommarjobben har gjeve henne praktisk erfaring og eit betre innblikk i korleis kraftnett og kraftproduksjon fungerer i praksis. Å få sjå og arbeida med ting ein lærer om på universitetet, er alltid lærerikt. Samarbeid mellom bedrift og student er svært kjekt og nyttig for alle partar. Takk for i sommar, Malin!