Produksjon og nett
Ope møte om Tysso Kraftverk
Publisert
Hardanger Energi inviterer innbyggjarane i Ulvik til ope møte om bygginga av Tysso Kraftverk 20. mai 2026.
Tid og stad
- Tid: 20. mai 2026 kl. 18.00
- Stad: Møterom Hardangerjøkulen (nye heradstyresal, Ulvik herad)
Hardanger Energi AS vil med dette invitera til eit ope møte for innbyggjarane i Ulvik om bygginga av Tysso Kraftverk. I møtet orienterer me om prosjektet generelt, kvar me står i dag og den vidare prosessen.
Som ein del av den vidare planlegginga ynskjer me innspel frå innbyggjarane i Ulvik på element som er viktige å ta omsyn til i prosjektet.
Målet vårt er å få til ei skånsam utbygging, der me gjer tiltak for å redusera belastninga på dei som bur i nærområdet til prosjektet. Det vert høve til å koma med både spørsmål og innspel.
Velkomen!