Norgespris eller straumstøtte frå 1. oktober?
Elhub er selskapet som utviklar den digitale løysinga slik at du kan tinga Norgespris på Min side i Elhub.
Vil du halda fram som før?
Vil du halda fram med straumstøtta slik ho fungerer i dag, treng du ikkje gjera noko.
Vil du byta til Norgespris?
Då må du sjølv tinga det. Den digitale tingingsløysinga for Norgespris er klar hjå Elhub i slutten av september. Er du ikkje digital og likevel vil ha Norgespris, må du kontakta nettselskapet ditt.
Løner det seg?
Kva som kjem best ut, er det ingen som veit før 2026 er over. Føretrekkjer du ein forutsigbar pris utan svingingar, er Norgespris eit godt alternativ for deg.