Ting Norgespris på Min side i Elhub
Norgespris er ei ny, statleg ordning som gjev deg ein meir forutsigbar straumpris gjennom året. Ordninga er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025.
Gjeld frå 1. oktober 2025
Datoar du bør merka deg
16. september
Frå tysdag 16. september kan hushaldningar logga seg inn i tingingsportalen minside.elhub.no med BankID.
24. september
Frå 24. september 2025 kan du tinga Norgespris digitalt på Min side i Elhub.
1. oktober
Alle som tingar frå 24. september til og med 1. oktober får Norgespris frå 1. oktober. Tingar du seinare, får du Norgespris frå den datoen du tingar.
Sjå kva Norgespris ville ha kosta deg
Tingingsløysinga inneheld ei samanlikning av kva Norgespris ville ha kosta ut frå historiske prisar og forbruk. Samanlikninga kan visast som graf eller tabell, og kan stillast opp mot straumstøtteordninga for hushaldningar og mot ordinær marknadspris for fritidsbustader. Det er nyttig informasjon når du skal ta stilling til om du skal tinga Norgespris eller ikkje.
Har du ikkje BankID?
Ynskjer du Norgespris, men har ikkje BankID eller annan elektronisk ID, må du kontakta nettselskapet ditt.