Lokalsamfunn

Stønad til lokale grendahus

Publisert

Hardanger Energi betaler ut 195 000 kr i stønad til 29 lokale grendahus i desember 2023, rekna som 50 øre per kWh av venta årsforbruk.

Lokale grendahus får litt hjelp frå Hardanger Energi i vinter. Det er laga ei stønadsordning der ein får stønad ut frå venta årsforbruk.

Hardanger Energi betaler ut stønad til lokale grendahus no i desember, i gamle Ullensvang, Jondal, Eidfjord, Ulvik og Granvin. I 2022 støtta me lokale samfunnshus med 1 kr per kWh i forbruk. I 2023 har prisen vore under halvparten av prisen i 2022, så me reduserer støttesatsen til 50 øre/kWh. Ein legg årleg forbruk til grunn og multipliserer dette med 0,5 kr. Det betyr at eit grendahus som brukar 30 000 kWh i året, får 15 000 kr utbetalt no i desember. Samla stønad vert 195 000 kr.

Det finst ulike stønadsordningar, både statlege og kommunale, men grendahusa som er opne for alle rundt om i bygdene våre kjem svært dårleg ut. Ved å støtta grendahus som er drivne av frivillige lag og organisasjonar, treff me på sett og vis noko som er eit felles anliggande for dei lokale innbyggjarane. Grendahus der kommunane står for drift og betaling av straumrekningar, kjem ikkje inn under denne stønadsordninga.

Under har me lista opp grendahusa som får stønad utbetalt no i desember. Har me oversett nokon, er det fint om du sender ein e-post til post@hardangerenergi.no.

  • Bu Grendalag
  • Bygdahallen SA – Nå
  • Espe Grannalag
  • Fjordahallen
  • Folkedal Ungdomslag
  • Grannaheimen Grendalag – Ringøy
  • Grannatun Sekse
  • Granvin Ungdomslag
  • Grendahuset Sagatun – Aga
  • Hausgardane Grendalag
  • Hauso Samfunnshus
  • Herand Bygdelag
  • Herand Grannahus
  • Jondal Skyttarlag
  • Jondal Ungdomslag
  • Jåstad Grendahus
  • Kinsarvik Vel, Grindaløo
  • Krossvoll
  • Kyrkjestrondi og Espelandsdalen Grendalag
  • Kysnesstrand Ungdomslag
  • Oksen Grandalag
  • Osa Grendalag
  • Ringøy Skulestova
  • Torsnes Ungdomslag
  • Utne Grannalag
  • Vangsbygda Grendalag
  • Vines Bygdelag
  • Vines Grannatun
  • Øvre Eidfjord Grendalag
  • Øvre Granvin Grannalag