Kundeinformasjon
Me flyttar kundesystem i mai 2025 og får både ny app og ny Min side
Min side og appen er ute av drift frå 9. til og med 16. mai medan me flyttar kundesystemet over på nye serverar.
Hardanger Energi flyttar kundesystemet over på nye serverar. Dette er ein kompleks og omfattande jobb, og det vil få innverknad på kundeservicen vår i heile mai månad.
Min side og appen vert ute av drift, og det vert ikkje mogeleg for oss å bruka systemet til å svara på spørsmål om faktura, forbruk eller anna. Systemet er med andre ord ikkje tilgjengeleg frå og med 9. til og med 16. mai. Deretter kjem det ny Min side og ny app, forhåpentleg innan utgangen av mai.
Me sender informasjon direkte til kundane som forklarar korleis og når ein kan ta i bruk ny app og ny Min side.
Me beklagar dei ulempene denne nedetida måtte medføra for kundane våre.