Kundeinformasjon

Registrering på kundeweb og i appen

Publisert

Steg for steg: slik registrerer du deg på kundeweb eller i appen til Hardanger Energi.

Ynskjer du hjelp til registreringa? Kontakt oss — me hjelper så gjerne. Telefon 53 67 16 10, e-post post@hardangerenergi.no.

App: me fekk ny app i juni 2025. Lasta du ned appen vår før det, må du avinstallera den gamle og lasta ned den nye. Dei ser like ut.

Web: minside.hardangerenergi.no

Registrer deg anten i appen eller på web — du har tilgang begge stader. Språket i skjemaet er norsk eller engelsk, avhengig av innstillinga i nettlesaren din.

Slik gjer du

  1. I innloggingsskjemaet vel du «Har du ikke en konto? Registrer deg».
  2. Skriv inn e-postadressa di.
  3. Lag eit passord — minst 8 teikn med stor bokstav, liten bokstav og tal eller spesialteikn — og stadfest det.
  4. Vel «Privat» eller «Bedrift».
  5. Bedrift: skriv inn organisasjonsnummer. Privat: finn fødselsdatoen din i kalenderen — først år, så månad, så dag, og trykk OK.
  6. Trykk «Opprett konto».
  7. Du får tilsendt ein e-post med ein åttesifra kode. Skriv inn koden og stadfest.
  8. Du kan no logga inn med e-post og passord på web og i appen.