Kundeinformasjon
Oppdatering av app og kundeweb 16.12.25
App og kundeweb vart oppdaterte 16.12.25. Alle som brukar app og web må aktivera passord på nytt.
App og kundeweb vart oppdaterte 16.12.25. Alle kundar som brukar app og web må aktivera passord.
Ved innlogging vel du «Glemt passord?». Skriv så inn brukarnamnet ditt (e-post) og trykk «send tilbakestillingslenkje». Du får ein «verification code» tilsendt på e-post. Skriv inn denne, og deretter passord. Du står fritt til å bruka same passord som du hadde sist, eller velja eit nytt. Når dette er gjort, loggar du inn som vanleg. Du vil sjå at innloggingssida er endra, slik at du no kan sjå passordet du skriv inn.
NB: brukar du appen vår, må du ha siste versjon. Mange har automatisk oppdatering av appane sine og treng ikkje tenkja på det.
Treng du å oppdatera appen, går du inn på «Play Butikk» (Android) eller «App Store» (iOS) og søkjer opp Hardanger Energi-appen. Ser du valet «Oppdater», oppdaterer du til siste versjon der. Alternativt kan du avinstallera appen og lasta han ned på nytt.