Refleksvestar til 1.klassingar

127 førsteklassingar ved dei 11 barneskulane i Kvinnherad har fått refleksvest.
Det var stor stas då politibilen med Are Uppheim bak rattet svinga inn på skuleplassane!! Elevane fekk kunnskap om trafikktryggleik og politiet fekk høve til å ta ein prat med dei yngste elevane og skapa tryggleik kring rolla til politiet.
Tradisjonen med utlevering av vestar går heilt tilbake til 1996 og har i Kvinnherad vore gjennomført i samarbeid mellom dei lokale energiselskapa og Kvinnherad lensmannskontor. I haust mangla skulane ein sponsor til vestane. Hardanger Energi har hatt eit langt og godt samarbeid med selskapa i Kvinnherad, og snudde seg raskt rundt og sikra at 1.klassingane fekk vestar. Organisering av utleveringa stod Kenneth Ingvaldsen for. Han var tidlegare marknadsleiar i Kvinnherad Energi, som for nokre år sidan vart seld til BKK. Dei siste åra har han vore tilsett i Wattn AS, men driv no som sjølvstendig næringsdrivande.
Hardanger Energi, her representert av Per Sigurd Hegerland, syntest det var svært kjekt å bidra til denne fine og viktige tradisjonen i Kvinnherad.
Alle 1.klassingar i Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin fekk refleksvestar litt tidlegare i haust.