Julekalender 2026 – vinn flotte premiar og ein elsykkel!

Hardanger Energi og Hardanger Energi Breiband inviterer deg til årets julekalender!
Gjennom desember kan du vinna flotte premiar frå lokale bedrifter i Hardanger. I tillegg kan du samla lodd til hovudpremien, ein elsykkel levert av Sport 1 Odda!
🎁 Sju luker med flotte premiar
Kvar tysdag og torsdag fram mot jul opnar me ei ny luke med ein ny premie. Lukene vert opna 1., 3., 8., 10., 15., 17. og 22. desember.
For å delta registrerer du deg i påmeldingsskjemaet og svarar på dagens spørsmål. Alle som svarar rett, er med i trekninga av dagens premie.
Kvar luke er berre open for påmelding den aktuelle dagen, så hugs å delta når luka er open!
🚲 Samle lodd og vinn ein elsykkel!
Alle som deltek, får eitt lodd i trekninga av hovudpremien 24. desember, uansett om dei svarar rett eller feil!
Jo fleire luker du deltek i, desto fleire lodd samlar du. Deltek du i éi luke, får du eitt lodd, deltek du i tre luker, får du tre lodd, og deltek du i alle sju lukene, får du sju lodd!
På julaftan opnar me den åttande og siste luka, der me trekkjer den heldige vinnaren av elsykkelen. Du treng ikkje melda deg på denne dagen.
Kven kan delta?
Alle kan delta i julekalenderen, og det er heilt gratis å vera med! Dei fleste premiane kan vinnast av alle, men for to av premiane gjeld eigne vilkår.
1 000 kr til straumrekninga: For å vinna denne premien må du vera kunde hjå Hardanger Energi AS.
Hovudpremien, ein elsykkel: For å vinna elsykkelen må du vera registrert busett i ein bustad der du eller ein annan i husstanden er kunde hjå Hardanger Energi AS eller Hardanger Energi Breiband AS på trekningsdagen 24. desember.
Du kan sjølvsagt delta og samla lodd sjølv om du ikkje er kunde i dag. For å kunna vinna elsykkelen må kundekravet vera oppfylt innan trekninga 24. desember.
Det er med andre ord framleis tid til å bli kunde og sikra seg sjansen til å vinna hovudpremien!
Slik deltek du
Finn dagens luke og fyll ut påmeldingsskjemaet med namn, telefonnummer, adresse og svar på dagens spørsmål.
Vinnarane vert kontakta på telefon og annonserte på nettsidene våre og i sosiale medium.
Personopplysningane vert berre nytta til å gjennomføra konkurransen og vert sletta når konkurransen og premieutdelinga er avslutta, seinast 31. januar 2027.
Les dei fullstendige konkurransevilkåra før du deltek.
🎅 Me ynskjer alle ei riktig god førjulstid og lukke til i julekalenderen!