Hushaldskundar får statleg stønad til straumrekning

Som fylgje av ekstraordinære straumprisar, vil styresmaktene v/ Norges Vassdsrags og Energidirektorat (NVE) avhjelpa dette for privatkundar med ei stønadsording komande vinter (des-mars). Næringskundar kjem ikkje inn under ordninga.

Ordninga gjeld for privatkundar med hushaldstariff. Ordninga gjeld ikkje for privatkundar med hytte/fritidshus-tariff.

Reint praktisk vil forbruk opp til 5000 kWh pr månad verta kompensert ut frå ein pris som NVE bereknar. På faktura vil dette koma fram på ei eigen linje som då syner storleiken på refusjonen. Forbruk over 5000 kWh/månad vert ikkje kompensert.

Det er nettselskapene i Noreg som får i oppgåve å administrera ordninga på vegne av styresmaktene ved NVE/RME. Ordninga er lik for alle private hushaldskundar i Noreg.

Her finn du meir informasjon: Kompensasjonsordning for høye strømpriser - NVE