Stønad til lokale grendahus

Lokale grendahus får litt hjelp frå Hardanger Energi i vinter. Det er laga til ei stønads-ordning der ein får stønad ut frå venta årsforbruk. 

Hardanger Energi betalar ut stønad til lokale grendahus no i desember, i gamle Ullensvang, Jondal, Eidfjord, Ulvik og Granvin. I 2022 støtta me lokale samfunnshus med 1 kr pr kWh i forbruk.  I 2023 har prisen vore under halvparten av prisen i 2022, så me reduserar støttesatsen til 50 øre/kWh. Ein legg årleg forbruk til grunn og multipliserar dette med 0,5 kr. Det betyr at det grendahuset som brukar 30 000 kWh pr. år, får kr 15.000,- utbetalt no i desember osv. Samla stønad vert kr 195.000,-

Det er ulike stønadsordningar både statlege og kommunale, men grendahusene som er opne for alle rundt om i bygdene våre, kjem svært dårleg ut. Ved å støtta grendahus som er drifta av frivillige lag og organisasjonar, treff me på sett og vis noko som er lokale innbyggjarar sitt felles anliggande. Grendahus der det er kommunar står for drift og betaling av straumrekningar, kjem ikkje inn under denne stønadsordninga.

Under har me lista opp grendahus som får stønad utbetalt no i desember. Dersom me har oversett nokon, er det fint om ein sender ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. .

  • Bu Grendalag
  • Bygdahallen SA - Nå
  • Espe Grannalag
  • Fjordahallen
  • Folkedal Ungdomslag
  • Grannaheimen Grendalag - Ringøy
  • Grannatun Sekse
  • Granvin Ungdomslag
  • Grendahuset Sagatun  - Aga
  • Hausgardane Grendalag
  • Hauso Samfunnshus
  • Herand Bygdelag
  • Herand Grannahus
  • Jondal Skyttarlag
  • Jondal Ungdomslag
  • Jåstad Grendahus
  • Kinsarvik Vel, Grindaløo
  • Krossvoll
  • Kyrkjestrondi Og Espelandsdalen Grendalag
  • Kysnesstrand Ungdomslag
  • Oksen Grandalag
  • Osa Grendalag
  • Ringøy Skulestova
  • Torsnes Ungdomslag
  • Utne Grannalag
  • Vangsbygda Grendalag
  • Vines Bygdelag
  • Vines Grannatun
  • Øvre Eidfjord Grendalag
  • Øvre Granvin Grannalag